UNDER VANN: Bildet på forsiden viser hvordan Presteneset i Lyngdal så ut to dager før første forestilling av "Veien til Betlehem skulle spilles her. BILDET OVER: Heldigvis for de 300 frivillige som er med på det populære julespillet i Lyngdal, ble det finvær og tørt nok til at man kunne finne "veien til Betlehem" uten båt. BEGGE FOTO: Misjonskirken Lyngdal

Julespel i Lyngdal rann nesten vekk

I Lyngdal var det like før julespelet «Vegen til Betlehem» måtte gjerast om til historia om Noahs ark.

For ellevte året på rad set Misjonskyrkja i Lyngdal denne veka opp julespelet «Vegen til Betlehem» som spelast utandørs. Men i år var det knytt stor spenning til om spelet kunne gjennomførast.

– To dagar før første tilstelling stod heile området på Presteneset under vatn, fortel Einar Foss Kvavik, som er prosjektleiar for «Vegen til Betlehem».

Då hadde elva som omslyngjer området gått over breiddene sine.

– Vanlegvis er elva ei fin kulisse som omgjev julespelet, men når Vårherre opna alle slusar, vart det i overkant mykje vatn, fortel Kvavik.

Bad om finvær

Forsamlinga førebudde seg på å avlysa dei populære tilstellingane, men gav ikkje opp vona.

– Vi bad om at vatnet skulle gå vekk, og laurdag kunne vi gå inn i flott solskin. Det er enno vått, men no fungerer pyttane stemningsskapande ved å reflektera glans frå faklar og bål, seier prosjektleiaren.

Over 300 frivillige er med på julespelet som har selt over 2000 billettar i år. Dei siste ti åra har omkring 18 000 sett spelet, ifølgje Kvavik.

– No er det berre meldt finvær og stjerneklårt dei neste dagane, seier han.

Julespelet vert avslutta etter 14 tilstellingar den 3. desember.

Spøkte om Noahs ark

«Vegen til Betlehem» har vorte ein tradisjon i Lyngdal og folk kjem langvegesfrå for å få med seg julespelet.

– Vi har hatt julespelet i både regn og sterk kuling, men vi har alltid funne vegen til Betlehem. Men i år var det ein prøvelse med vêret. Hadde det vore to dagar før, måtte vi rodd til Betlehem, seier Kvavik og ler.

Det vart mykje spøkt blant dei frivillige om ikkje dei burde spela historia om Noahs ark i staden for julefortellinga.

– Det ville nok vorte lite mange dyr å skulla samla på plass, og ingen ville vera gorilla, ler Kvavik.

– Heldigvis vart det Betlehem likevel, og det har vorte veldig fine tilstellingar, avsluttar han. KPK

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.